[ Featuring Herborg Kråkevik ]
Det hev ei rosa sprunge
Ut av ei rot så grann
Som federne hev sunge:
Av Jesse rot ho rann,
Og var ein blome blid
Midt i den kalde vinter
Ved myrke middnattstid.
Om denne roa eina
Er sagt Jesajas ord.
Maria møy, den rein,
Bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunnsmakt
Det store under gjorde
Som var i spådom sagt.
Guds rosa ljuvleg angar
Og skin i jordlivs natt
Når hennar ljos oss fangar,
Ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein Frelsar,
Og natti vart til dag.