Gjeng i veg, vil veide visor
Songar som frå årle old,
Hev runne råkt frå kvar ein skugge,
Stein og stubbe, vind og vidde
Or duldeheimen drog eg ordi
Leitar songar upp or jordi
Vakre visor rann av rignet
Ramme runor let frå løynda
Sume dreiv på kvite vågar
Sume kvein or kvite lågar
Molna upp i heiden himmel
Kvissla av ei ormetunge
Om eg trår på grodde stiar
Om eg står og lengten biar
Høyr kor togna kver og kallar!
Høyr kor tulen gøyr og galdrar!